Selja Forlag
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Selja Forlag er eit norsk forlag, skipa i 1995 med kontor i Førde. Den første boka som kom ut på forlaget handla treffande nok om klosterruinane på Selja. Selja var i eldre tider eit senter for heile vestlandskysten, og namnet skal gje uttrykk for at Selja Forlag er eit forlag for heile Vestlandet.
Forlaget gjev ut i snitt mellom seks og åtte bøker kvart år; og til no har dei fleste hatt tema frå Sogn og Fjordane.
Forlaget har to tilsette, Torkjell Djupedal og Grethe Eithun.