Senja
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Senja er ei øy i Troms fylke. Med eit areal på 1586,3 km² er ho den nest største øya i Norge, etter Hinnøya, dersom ein ser vekk frå Svalbard.
Øya er dekka av kommunane Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik, den siste dekker òg noko av fastlandet. Det største fiskeværet på øya er Gryllefjord, som sommarstid har ferjesamband til Andøya i Vesterålen.
Dei som bur på Senja har i dag ferjefritt vegsamband til fastlandet med Gisundbrua over Gisundet til Finnsnes.
Ånderdalen nasjonalpark ligg på Senja.
Kategoriar: Berg kommune | Lenvik | Senja | Torsken | Tranøy | Øyar i Troms