Seoul
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Seoul er hovudstaden i Sør-Korea. Byen dannar saman med omlandet sitt det nest største byområdet i Asia med ca. 21,9 millionar innbyggjarar.
Byen var vertsby for Sommar-OL 1988. Fleire kampar under VM i fotball 2002, som Sør-Korea arrangerte saman med Japan, gjekk føre seg i byen.
År 2007 er byrjinga på slutten for Seoul som hovudstad, da tar byen Yongi gradvis over den rolla. Det er enno uklart når flyttinga kjem til å vera ferdig, men i 2030 reknar ein med at alt er ferdig.
[endre] Historie
I år 18 fvt. vart byen Wiryeseong grunnlagt i det området der Seoul no ligg. Det var eit av dei tre kongedøma som på den tida striddest om kontroll over Koreahalvøya som grunnla byen. I dette område utspelte det seg ofte strider mellom kongedømene, ettersom det var eit så strategisk viktig område.
I moderne tid var Seoul tidlegare hovudstad for hela Koreahalvøya, men etter Koreakrigen har han berre vore hovudstad for Sør-Korea. Byen fekk det noverande namnet sitt etter frigjeringa frå japansk styre i 1945.
[endre] Flyplassar
Det finst to flyplassar nær byen. Gimpo flyplass i byen Gimpo vart bygd under Koreakrigen og var lengje den einaste flyplassen i nærleiken. I år 2001 vart Incheon internasjonale flyplass i byen Inchon ferdig og tok over stort sett all internasjonal flytrafikk, mens Gimpo flyplass no stort sett handterer innanrikstrafikken.
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |