Sergej Ivanov
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sergej Borisovitsj Ivanov (russisk Сергей Борисович Иванов), fødd 31. januar 1953 i Leningrad, er ein russisk politikar. Han er visestatsminister i Russland.
Ivanov vart i 1975 ferdig med utdanning som omsetjar ved filologisk fakultet på statsuniversitetet i Leningrad. Han tok deretter vidare utdanning på skulen til KGB sitt første direktorat (utanriksetterretning) i Minsk. Frå 1981 til 1998 jobba han seg gjennom gradene frå tenestemann i KGB si avdeling for utanriksetterretning til første visedirektør for den nyoppretta russiske utanriksetterretninga (SVR) si Europa-avdeling. Det russiske forsvarsdepartementet sine nettsider opplyser at Ivanov var utplassert i tre lengre periodar i Afrika og Skandinavia. Andre kjelder opplyser at han tenestegjorde i Kenya og Finland.
Då Vladimir Putin vart leiar av FSB (den russiske etterfylgjaren til KGB) i 1998 utnevnte han Ivanov til visedirektør i FSB med ansvar for avdelinga for analyse, prognosar og strategisk planlegging. 15. november 1999 utnevnde president Boris Jeltsin han til sekretær for det nasjonale tryggjingsrådet. 28. mars 2001 utnevnte president Putin han til forsvarsminister. 14. november 2005 vart han òg ein av fleire visestatsministrar. 15. februar 2007 vart han utnevnt til første visestatsminister. President Putin sa då at Ivanov ville få for stort ansvar som første visestatsminister til å kunne skjøtta jobben som forsvarsminister, og han forlet stillinga som forsvarsminister.[1] Han vart etterfulgd som forsvarsminister av Anatolij Serdjukov. Ivanov vert ofte nevnd i spekulasjonane om kven Putin kjem til å støtta som kandidat ved presidentvalet i 2008, då han ikkje kan ta gjenval i fylgje grunnlova.
Ivanov snakkar engelsk og svensk. Han er gift og har to døtre.