Servitutt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Servituttar (frå latin servus: slave, træl) er bruks- eller disposisjonsrettar over annan manns eigedom. Døme på servituttar er vegrett og båtfesterett. Dei gjev visse personar høve til å bruka eigedomen på visse sett sjølv om dei ikkje er eigarar.
Servituttar vert ofte laga når tomtar vert fråskilde, for å regulera rettane slik eigaren og servitutthavaren har avtalt. Det er viktig at servituttar vert formulerte tydeleg. Der partane ikkje har spesifisert servitutten detaljert nok, gjeld Servituttlova. Lova set grenser for bruken av servituttar. Tanken er at det skal vera ein balanse mellom byrda for eigaren og gleda som retten gjev servitutthavaren, slik at dei ikkje krenkjer kvarandre.
Servituttar på eigedomar skal vera tinglyste for å vera juridisk bindande.
![]() |
Denne rettsvitskaplege artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over rettsvitskapsspirer. |