Sigurd Winge
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigurd Winge (fødd 14. mars 1909 i Hamburg i Tyskland, død 22. januar 1970 i Trondheim) var ein norsk biletkunstnar. Han er mest kjend som grafikar og for monumentalkunsten sin, og han vert sett som ein av dei viktigaste norske biletkunstnarane i sin generasjon.
Han studerte ved Statens Kunstakademi under Axel Revold frå 1929 til 1932. I 1933 debuterte han på utstillinga 11 unge maleres utstilling i Kunstnerforbundet i Oslo, og same året var han også representert på Haustutstillinga. Det var også i 1933 han møtte Rolf Nesch som fekk stor innverknad på kunsten hans.
[endre] Kjelder
- Steinar Gjessing og Bodil Sørensen: Sigurd Winge, utstillingskatalog frå Nasjonalgalleriet – 1979.
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |