Sinaifjellet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sinaifjellet er staden der Moses skal ha fått steintavlene med dei ti boda frå Gud. Fjellet ligg på Sinaihalvøya.
Ved foten ligg Katarinaklosteret dedikert til Katarina av Alexandria der det framleis er greske munkar. Klosteret har ein basilika med ein apside med mosaikk som truleg er laga mellom 548 då Keiserinne Theodora døydde og 565 som var året då Keiser Justinian døydde. Mosaikken viser ei transfigurasjonsscene med Kristus flankert av disiplane Johannes, Jakob og Peter, og Elias og Moses.
I biblioteket er det laga ei utstilling med dei mest kjende ikona frå klosteret. Det låg langt inne i ørknane ved foten av Sinaifjellet, og ein del av ikonåaleria vart difor ikkje øydelagde under biletstriden eller ikonoklasmen på 700 og 800-talet i det bysantinske riket. Dei er dermed viktige for kunnskapen om korleis Kristus vart måla før ikonoklasmen.
Sinaifjellet og klosteret har vorte utfluktsmål for turistane, og det går er turar opp på fjellet om natta med guider slik at turistane skal oppleve soloppgangen frå fjellet. Klosteret er heller ikkke den fredfulle staden det ein gong var. Det har om lag 1000 besøkande kvar dag.