Sinotibetanske språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den sinotibetanske språkfamilien femner over 350 språk i det austlege Asia. Berre indoeuropeiske språk har fleire talarar.
Familien kan delast inn i desse språkgruppene:
- Kinesiske språk
- Tibetoburmesiske språk, som igjen vert delte inn i tibetanske og burmesiske språk
Mange av dei sinotibetanske språka er tonale. Dei fleste kinesiske språka er analytiske språk (bygde opp av einstavingsord) medan mange tibetanske språk er agglutinerande.
![]() |
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |