Skoghund
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skoghund (Speothos venaticus) er eit dyr i hundefamilien, det einaste i slekta Speothos. Hunden veg 5-7 kg. Han har ei lengd på 57-75 cm med ein hale på 12,5-15 cm. Pelsen er tjukk og mjuk, lyst brunfarga med ein raud let, og ein lysare del på undersida av halsen.
Dyret lever i eit stort område i austre Sør-Amerika. Likevel er det sjeldan, og arten er klassifisert som sårbar. Lenge trudde ein at det var ein utdøydd art, ettersom det bare var funne fossil av han i brasilianske grotter.
Skoghunden er eit rovdyr som helst jakter i flokk. Hovudbyttet er den store gnagaren paka (Agouti paca), men ein flokk på 10-12 hundar kan òg leggja ned større byttedyr. Dei er dyktige til å symja, og har utvikla symjehud mellom tærne.
Ein skoghund kan bli omlag ti år. Han blir kjønnsmoden i eittårsalderen. Eit svangerskap tek 63 dagar, og ei mor kan få opptil seks kvalpar.
Dyret går under mange namn. Han blir kalla eddikhund (portugisisk: cachorro-vinagre, spansk: perro vinagre) og eddikrev (sp. zorro vinagre), villhund (port. cachorro-do-mato), vasshund (sp. perro de agua) og fjellhund (sp. perro de monte)