Skomakar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein skomakar er ein handverkar som lagar og vølar skotøy.
Skomakarane var ei dominerande yrkesgruppe i Noreg frå 1200-tallet. Skomakaren utførte heile arbeidsprosessen; han garva skinn, sydde sko og støvlar og hadde direkte kontakt med kundane. Det norrøne ordet for desse skomakarane var sútari som me finn igjen i finsk, suutari.
Fram til byrjinga av 1600-talet var skomakarane relativt velståande. Deretter blei garvarane ei eiga yrkesgruppe, og dei tok mykje av fortenesta.
Fabrikksydde sko blei vanlege i andre halvdel av 1800-talet, då ein tok til å bruka maskinar i produksjonen. Etter at lauga blei oppløyste i 1870 blei det grunnlagd skomakarlag i byane, og i 1908 blei Norges Skomakermester-forbund oppretta.
[endre] Ordtak om skomakarar
- Skomaker, bli ved din lest
- Skomakerens barn har ikke sko
[endre] Kjende skomakarar
- Jens Petrus Andersen, spela av Henki Kolstad, i Jul i Skomakergata
[endre] Bakgrunnsstoff
- Design og håndverk - Skomaker
- Plus-skolen i Fredrikstad gir opplæring i faget
![]() |
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer. |