Skongenes fyr
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skongenes fyr ligg i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane fylke. Fyret vart oppretta i 1870, og har nok betydd mykje for båttrafikken på det vérharde Stadthavet. Fyret var bemanna fram til 1985. Då vart fyret automatisert og avfolka. Det er staten som eig bygningane. Skongenes fyr består av fire bygningar som omkransar eit indre tun. Fyret ligg i naturskjønne omgjevnadar og er eit ettertrakta turmål.