Skrubbe
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skrubbe |
||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Systematikk | ||||||||
|
||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||
Platichtys flesus {{{etter klassifiseringa til}}} |
Skrubba er ei flyndreart som lever på grunt vatn på sand- og mudderbotn ved Europakysten. Ho er i nær slekt med raudspetta, men skil seg frå denne med dei spisse beinknutane langsmed sidelinja og med rygg- og gatt-finna. I tillegg er ho, som namnet tilseier, skrubbut å ta på.
[endre] Skildring
Skrubba er ein flat brun fisk med raude flekkar. Ho er vanlegvis høgrevendt, men det motsette førekjem rett som det er. Skrubba er ikkje så veldig stor, vanleg lengd er mellom 25 og 40 cm. Ein kjenner likevel til individ som har målt oppe i ein meter og har vegd 7 kg.
[endre] Utbreiing
Skrubba er mellom dei mest tilpasningsdyktige flyndreartane, og førekjem frå Nord-Noreg og den vestrussiske kysten til heilt inst i Middelhavet. Ho er særs hardfør overfor både temperatur og saltinnhald, og vert ofte observert langt oppe i elvar.
[endre] Nytteverdi
I Noreg har det aldri vore noko særleg fangst av skrubbe, men i landa rundt Østersjøen har ho vore ein vanleg matfisk.