Skrue McDuck
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skrue McDuck er i Disney-teikneseriane onkel til Donald Duck. Skrue dukka fyrste gong opp i Carl Barks si historie Jul på Bjørnefjell som kom i 1947. Opphavleg hadde Barks berre tenkt å bruka Skrue i denne historia, men han vart snart ein av dei mest brukte figurane i Donald-universet. Don Rosa har skrive ein lang serie om livet til Skrue McDuck, med utgangspunkt i detaljar frå historiane til Barks.
[endre] Skildring
Skrue er verdas rikaste and. Han bur i ein diger pengebinge der han sjølv kan passa på og nyta rikdommen sin – til dømes ved å symja i pengane. Skrue tevlar stadig med Gulbrand Gråstein og Rikerud om kven som er den rikaste, medan B-gjengen stadig truger med å ta pengane hans. Magica fra Tryll er ein annan erkefiende som stadig prøver å ta frå Skrue den første mynten han tente, den magiske lykkeskillingen.
[endre] Inspirasjon
Skrue, med det opphavlege namnet Scrooge McDuck, er basert på den gamle gniaren Ebenezer Scrooge i A Christmas Carol (En julefortelling) av Charles Dickens.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Skrueside på bellsouth.net (engelsk)