Skulder
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skuldra, herda eller aksla er den delen av menneskekroppen som bind armen til overkroppen.
[endre] Oppbygging
Skuldra er sett saman av tre bein: Kragebeinet, skulderbladet og overarmsbeinet, og to ledd. Desse er akromioklavikularleddet mellom kragebeinet og øvste delen av skulderbladet, og humeroskapularleddet mellom overarmsbeinet og ein bolleforma del av skulderbladet, eit kuleledd som gjer at armen kan rotera i fleire retningar. Sternoklavikularleddet mellom krage- og brystbeinet er òg viktig for skuldra, og er det leddet som bind beina i armen til kroppskskjelettet.
Ei rekke musklar gjer at ein kan røre skuldra på ulike måtar. Eit ytre lag av store musklar står for store armrørsler medan mindre musklar hjelper til med å koordinera finare rørsler. Dei fleste musklane finst i par som dreg i motsett retning. Musklane i skuldra har òg i oppgåve å halda humeroskapularleddet stabilt.
[endre] Skader
Skuldra er ein komplisert kroppsdel, og er derfor lett utsett for skader. Mellom anna kan leddet bli ustabilt slik at skuldera går lett ut av ledd eller det kjennest ut som ho skal gjera det. Ein annan type liding er såkalla frosen skulder, ei verkande, stivna skulder. Akutt eller kronisk senebetennelse på grunn av kraftig eller stadig påkjenning er likevel ein av dei vanlegaste skulderlidingane.
[endre] Breie skuldre
Fordi testosteron gjerne gjev breie skuldre kan forma på skuldrene vera eit sekundært kjønnskjenneteikn. Det å vera breiskuldra blir sett på som eit mannleg trekk, og til dømes på mange soldatuniformar er skuldrene framheva for å gje eit maskulint inntrykk. Skulderpynt på militære klede blir gjerne kalla epålettar.