Slaget ved Karbala
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slaget ved Karbala var ei trefning mellom Hussein ibn Ali og tilhengjarane hans på den eine sida og politistyrken til guvernør Ubayd-Allah ibn Ziyad på den andre. Slaget fann stad den 10. muharram i år 61 AH (10. oktober 680) ved Karbala i det noverande Irak. Det ende med at Hussein og heile hæren hans på 72 menn blei drepne. Hendinga er markert av sjiamuslimar som asjura kvart år.
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |