Slange
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein slange er ein langstrekt struktur med hol gjennom, laga av eit mjukt materiale som gummi eller mjuk plast. Slangar vert brukt til å transportera eit medium i væske- eller gassform med. Det at dei er mjuke, gjer at dei er lettare å montera og flytta enn røyr, og dei vert difor gjerne brukt i provisoriske anlegg eller på stader der ein vil ha mediet fram til ulike stader for kvar gong ein brukar det.
I dagleglivet brukar ein slangar til mellom anna å vatna blomar og plenar med. Då kallar ein dei hageslangar.
Slangar vert òg brukte i pneumatiske og hydrauliske anlegg, og då særleg på stader der ein har rørlege delar som skal ha tilførsle av trykk.
![]() |
Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over teknologispirer. |