Sleipner
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg Sleipner (fleirtyding)
Sleipner (Sleipne eller på norrønt Sleipnir) er i den norrøne mytologien hesten til Odin. Sleipner er ein svart hingst med åtte bein, og er den snøggaste hesten i verda.
Det er berre Odin som kan ri Sleipner. Hesten spring like godt over vatn som på landjorda og i lufta. Sleipner skal kunna springa over gjerdet til dødsriket Hel, ingen andre hestar kan gjera dette.
Sleipner er barn av hingsten Svadilfare og Loke. Den mangfaldige, tvekjønna skapnaden Loke hadde då skapt seg om til ei hoppe. I fylgje Gylfaginning skapa Loke seg om til ei hoppe for å lokka den store hingsten Svadilfare vekk frå arbeidet med å byggja muren kring Åsgard, slik at æsane vann veddemålet om kor fort det kunne gjerast.
Hesten Grane skal stamma frå Sleipner.
[endre] Kalla opp etter Sleipner
- Gassfeltet Sleipner, gass- og kondensatfelt i Nordsjøen (Sleipner aust/Sleipner vest)
- Oljeplattformar på Sleipnerfeltet (Sleipner A/Sleipner B/Sleipner T)
- M/S «Sleipner», ein snøggbåt som høyrde til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD). Sleipner gjekk på grunn og forliste 26. november 1999. 16 menneske omkom. Ulukka vert kalla Sleipner-ulukka.
- HF «Sleipner», hydrofoilbåt som høyrde til Sandnæs Dampskibs-aktieselskab (1961)
- Sleipner Motor AS i Fredrikstad
- Jagaren KNM «Sleipner», norsk jagar brukt under Andre verdskrigen.
- Korvetten KNM «Sleipner», norsk korvett som vart utfasa i 1992.
- Hesteplogen Sleipner for åker- og vollpløying (produsert av Underhaug Fabrikk A/S frå 1940 til 1950)