Slipp Jimmy fri
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slipp Jimmy fri er ein norsk animasjonsfilm frå 2006. Filmen vart skriven og regissert av Christopher Nielsen.
[endre] Handling
«Roy Arnie» drøymer om å drive sitt eige sirkus og erobre verda. Nøkkelen til at draumen til «Roy Arnie» skal gå i oppfylling er «Jimmy», ein elefant som er hekta på narkotika. Alt Roy Arnie treng å gjere for å få drømmen til å verte verkelegheit er å sleppe «Jimmy» fri, men så rømmer elefanten til vidda. «Roy Arnie» tek med seg to trøytte typar og jagar etter elefanten, men dei er ikkje åleine. Dyrevernarar, samegangstarar og eit forfylla jaktlag vert òg med på elefantjakt. Elefanten, som er sterkt prega av abstinens, har på si side slått seg saman med ein usedvanleg heltemodig elg.
[endre] Anna
Dette er den fyrste norske dataanimerte heilaftans spelefilmen få Noreg. I januar 2004 vart det kjent at det totale budsjettet til filmen ville verte tre gongar så høgt som opprinneleg planlagt, og premieren vart sett eit år lenger fram i tid.
Sjølv om dette er ein norsk film har filmskaparane valt å synkronisere lepperørslene til figurene til dei engelske stemmene, og deretter dubba filmen til norsk etterpå.