Socialistisk Folkeparti
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Socialistisk Folkeparti i Danmark blei danna i 1959, med folk som var ekskluderte (utestengde) frå det danske kommunistpartiet i brodden. Dei ville ha eit dansk demokratisk sosialistparti som var heilt uavhengig av Sovjetunionen etter avsløringane av stalinismen og undertrykkinga i Ungarn i 1956. SF ville skape ein tredje veg, annleis enn både kommunisme og sosialdemokrati slik desse hadde utvikla seg.
SF har også tatt opp i seg mange miljøforkjemparar, og reknar seg som eit raudgrønt parti.
SF har i overkant av 8000 medlemmer (februar 2005). Ved siste valet i Danmark fekk partiet 6 prosent av røystene.
Mangeårig leiar har vore Holger K. Nielsen, men han har nyleg (februar 2005) sagt frå at han trekkjer seg som leiar, og partiet står såleis framfor val av ny leiar og viktige politiske vegval.
SF er med i det nordiske venstrepartisamarbeidet Nordic Green Left Alliance.
Heimesidene til partiet finn du her: [1]