Sondre Norheim
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sondre Norheim (10. juni 1825–9. mars 1897) er rekna som opphavsmannen til moderne skisport. Han var fødd og vaks opp i Morgedal i Telemark, der han både blei ein meister i å stå utfor og utvikla betre skiutstyr, som bindingar og ski med avrunda sider som letta svinging. Han vann den første nasjonale skikonkurransen i Christiania i 1868 med god margin, og fekk etter kvart eit internasjonalt ry som gjorde at ord som «ski» og «slalåm» spreidde seg over heile verda.
Sondre flytta til USA med familien i 1884, og levde siste delen av livet sitt i Nord-Dakota. Sjølv om han ikkje kunne stå utfor slik han var van med på den flate prærien, skal han alltid ha hatt eit par ski ståande utanfor husdøra.