Spinalonga
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Spinalonga er ei øy aust av Kreta, ved inngongen til Mirabellogulfen, vert for eit gammalt fort.
Etter fallet av Candia i 1669 var dette eit av tre fort att som skulle forsvara sjøveien mot Aust-Middelhavet. Tyrkarane angreip Spinalonga i 1715, og overtok øya. Det gamle fortet blei mindre viktig fram til øya og fortet var heilt forlatt.
I 1903 bestemte den greske staten at alle spedalske i heile landet skulle plasserast på Spinalonga, isolert frå resten av folket. Dei spedalske skapte sitt eige samfunn, med kyrkjer, skule, kafear, butikkar og sjukehus. Dei bygde sine eigne bustader i det gamle fortet. Det var ikkje forbudt for friske menneske å gå i land på Spinalonga, men det fantest reglar om korleis dei skulle oppføra seg der. Det var forbode å omfavna innbyggjarane på øya, og dei skulle ikkje eta ved same bord.
Det vart i alt ført ut 760 menneske til øya, og det vart fødd 36 born her. Desse borna vart sendt inn til legesjekk på fastlandet, og om dei var friske, vart dei tekne frå foreldra og plasserte i fosterheimar eller hos slektningar.
Dei spedalske måtte leva her ute heilt til 1957, over 50 år. Då var medisin og behandling blitt betrakteleg betre, og dei vart plasserte på sjukehus i Aten.
No er øya ein stor turistattraksjon som årleg trekk til seg 30 000 menneske som reiser ut til øya for å sjå og verta fortalde korleis livet var på Spinalonga.