Wikipedia:Spire
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I Wikipedia er ei spire eller ein stubb ein kort artikkel som bør veksa seg større. Desse artiklane er merka med eit spiremerke og samla i kategori, både etter tema og i ein hovudkategori. (Sjå kategori:spirer)
Kva som er ei spire er ikkje alltid lett å seia. Det vil mellom anna koma an på kva emnet er. For eit stort emne, som ein artikkel om landet Noreg, vil spireterskelen vera høg. For eit spesielt emne kan eit par forklarande linjer dekka emnet tilstrekkeleg til at det ikkje er ei spire.
Dersom ein artikkel ikkje ein gong fortel noko nytt (men berre til dømes fortel at «Noreg er eit land i Europa.») er han eit spirefrø. Desse er det endå viktigare å utvida enn normale spirer, og dei er samla i ein eigen kategori.
[endre] Spiremerke
Du merker ein artikkel som spire med denne teksten: {{spire}}. Eit spirefrø kan merkast med {{frø}}. Når artikkelen er blitt større kan du ta ut merket.
Eit oversyn over alle spiremalane finn du her.