Starman
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Starman» er ein song og singel av den britiske musikkartisten David Bowie på albumet The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars frå 1972. Songen vart gjeve ut på singel i april 1972 for å promotere albumet som kom sommaren same året.
Songen vart lagt til albumet seint i prosessen etter at Dennis Katz i plateselskapet RCA høyrte ei demoutgåve av songen, og likte den særs godt. Han meinte songen ville verte ein glimrande singel. [1] Songen erstatta derfor Chuck Berry sin song «Round and Round» på albumet.[2]
Singelen selde jamnt og trutt, men ikkje svært mykje. Han fekk derimot positiv omtale i pressa, og John Peel kalla han til dømes «ein klassikar, eit praktstykke»[3] Vendepunktet kom då Bowie fekk framføre songen på Top of the Pops i juli 1972. Framføringa hans i lag med The Spiders vart vidkjend, og i følgje forfattaren David Buckley, kan «mange tilhengjarar datere augneblikket dei vart Bowie-tilhengjarar til denne Top of the Pops-framføringa».[4] Nasjonen vart klar over Ziggy Stardust, og «Starman» klarta til tiandeplass, og albumet til femteplass. Singelen haldt seg på listene i 11 veker. I USA nådde singelen 65. plass.
Kommersielt sett var «Starman» ein milepæl i Bowie si karriere, og vart Bowie sin første hit sidan «Space Oddity» i 1969. I følgje musikkjournalistane Roy Carr og Charles Shaar Murray trudde mange at dette var den første plata til Bowie sidan «Space Oddity»[5] og at det var ein oppfølgjar til denne singelen.
Teksten skildrar Ziggy Stardust som bringer ei melding med håp til dei unge jordbuarane gjennom radioen, om at han skal kome frå Mars og frelse dei. Soga vert fortalt frå synspunktet til ein av dei unge som høyrer Ziggy. I følgje Bowie sjølv er ikkje Starman sjølve Ziggy Stardust, men berre budbringaren hans. [6]
Musikalsk er dette ein lett pop-rock song med framtredane akustisk gitar og strykearrangement av Mick Ronson, som godt hadde passa inn på det førre albumet til Bowie, Hunky Dory (1971). Refrenget er laust basert på Judy Garland sin song «Somewhere Over the Rainbow» frå filmen The Wizard of Oz. Andre påverknadar skal ha vore T. Rex-songane «Telegram Sam» og «Hot Love» («boogie»-referansen og «la la la»-refrenget) samt The Supremes sin song «You Keep Me Hangin' On» (den morsekode-liknande gitaren og pianoet).[7]
I februar 1999, stemde lesarane av musikkmagasinet Q fram singelen som ein av dei 100 beste gjennom tidene.
Innhaldsliste |
[endre] Innhald
- «Starman» (Bowie) – 4:16
- «Suffragette City» (Bowie) – 3:25
Den portugisiske utgåva av singelen hadde «John, I'm Only Dancing» og «Hang on to Yourself» som b-sider.
[endre] Medverkande
- David Bowie: vokal og akustisk gitar
- Mick Ronson: gitar
- Trevor Bolder: bassgitar
- Mick Woodmansey: trommer
- Ken Scott - produsent.
[endre] Merknadar
- ↑ Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: p.203
- ↑ Nicholas Pegg (2000). Ibid: p.276
- ↑ http://www.5years.com/release.htm
- ↑ David Buckley (1999) Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: p.148
- ↑ Roy Carr og Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: p.8
- ↑ Nicholas Pegg (2000). Op Cit: p.277
- ↑ Nicholas Pegg (2000). Op Cit: p.203
[endre] Kjelder
Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5