Statoil
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Statoil ASA er eit børsnotert oljeselskap med den norske staten som hovudeigar. Statoil har aktivitet i fyrste rekkje på norsk kontinentalsokkel i Nordsjøen. Det er et integrert oljeselskap, med verksemd knytt til så vel oljeboring som sal av petroleumsprodukt. Hovudkvarteret ligg på Forus utanfor Stavanger sentrum. Selskapet er det største firmaet i Noreg, målt etter omsetnad. Helge Lund er konsernsjef i Statoil (frå 15. august 2004).
Selskapet er representert i 28 land og hadde ved utgangen av 2003 til saman 19 326 tilsette. Nærare 50 prosent av dei tilsette arbeider utanfor Noreg. I desember 2006 vart det kunngjort at Statoil i 2007 skal fusjonera med Norsk Hydro si avdeling for petroleumsverksemd. Etter planen skal det samla føretaket få eit nytt namn.
[endre] Historikk
Den norske stats statsoljeselskap as Statoil (1972 - 2001) vart oppretta ved eit samrøystes vedtak i Stortinget den 14. juni 1972. Den politiske motivasjonen bak vedtaket var ynskje om norsk deltaking i oljeutvinninga frå starten av, gjennom eit statsselskap. Ein såg det som sentralt å byggja opp kompetanse kunne danna grunnlag for ein nasjonal oljeindustri. Frå føremålsparagrafen til statsoljeselskapet: Statoil skal selv, eller gjennom andre selskap, «drive undersøkelser etter og utvinning, transport, foredling og markedsføring av petroleum og avledede produkter.»
Så tidleg som i 1973 starta selskapet arbeid for å sikra seg petrokjemisk industri. Etter lobbyverksemd og oppkjøp sat Statoil i 1980 som heileigar av Rafnes-anlegget i Bamble, i tillegg til delt eigarskap saman med Norsk Hydro i Mongstad-raffineriet på Mongstad. Norsk Hydro selde sin eigardel til Statoil. Statoil satsa sterkt på oppgradering av oljeraffineriet. Prosjektet endta med meir enn 100% overskriding eller om lag 6 milliardar i ekstrarekning til staten.
Etter dette har Statoil stått ansvarleg for fleire utbyggingsprosjekt. Dei største prosjekta er offshore produksjonsanlegg på Gullfaksfeltet, Sleipnerfeltet og Åsgardfeltet.
I første fase av Sleipner-utbygginga sokk den første plattformen til botnar og vart skrota. Åsgard-ubygginga gav kring 18-20 milliardar kroner i kostnadssprekk.
År 2001 markerte eit skilje i norsk oljeindustripolitikk då staten delprivatiserte Statoil med eit sal av om lag 18% av aksjekapitalen. Statoil ASA vart namnet på det nye delprivatiserte, norskregistrerte olje- og gasselskapet. Statoil ASA har vore prega av nokre skandaleoppslag, til dømes ei korrupsjonssak i Iran.