Strandebarm
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Strandebarm eit område og ei bygd i Kvam herad.
I området Strandebarm er det 4 bygder:
- Innstranda (folketal 182 i 2003 )
- Strandebarm (687)
- Omastrand (295)
- Mundheim (168)
Strandebarm kyrkje er ei langkyrkje bygd i 1876. Byggverket er i tre og har 550 plassar.
Fjellstrand AS er eit skipsverft som held til på Omastrand.
Srandebarm er også ein tidlegare sjølvtendig kommune i Hordaland, oppretta i 1837 som Strandebarm formannskapsdistrikt. I 1862 vart Strandebarm delt i to, då Jondal vart skilt ut som eige herad. Strandebarm hadde etter frådelinga 1 663 innbyggarar. 1. januar 1902 skjedde ei ny deling i det Varaldsøy vart skilt ut som eigen kommune. Strandebarm hadde etter denne delinga 1 661 innbyggarar. 1. januar 1965 vart det meste av Strandebarm med 1 545 innbyggere slått saman med delar av Varaldsøy, Jondal og Kvam til det nye Kvam herad. Samtidig vart området Kysnesstranda i Strandebarm med 100 innbyggere slått sammen med det meste av Jondal til den nye Jondal kommune.
[endre] Kjelder:
- wikipedia på bokmål
- Kvam kommune
- Folketal i skulekrinsar Kvam 2003