Strikkepinne
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Strikkepinnar er reiskapar som vert nytta til handstrikking. Dei kan vera laga av metall, plast eller bambus, og finst i ulike storleikar. I Noreg har strikkepinnane nummer etter diameteren i millimeter. Fleire andre system for nummerering finst.
- Rette pinnar er spisse berre i den eine enden. Slike vert ofte brukt når ein skal strikka fram og tilbake.
- Strømpepinnar vert selde i sett med fem pinnar. Desse vert ofte brukt til å strikka sokkar, vottar og liknande.
- Rundpinnar er to pinnar bunde saman med ei fleksibel streng. Slike vert ofte brukt til litt større arbeid som skal strikkast rundt. Dette kan vera luer eller genserar.