Sven-Roald Nystø
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sven-Roald Nystø (f. 30. september 1956) er ein lulesamisk politikar frå Hellemobotn i Tysfjord. Han er utdanna cand.polit frå Universitetet i Tromsø.
Nystø var president for det norske Sametinget i to periodar, frå 1997 til 2005, for Norske Samers Riksforbund.
Før han vart sametingspresident var han visepresident under Ole Henrik Magga. Han satt og i Samerettsutvalet, og han var leiar for Urfolksutvalet i Barentssamarbeidet.
Denne artikkelen med samisk tema er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samiske spirer. |