Sverre Anker Ousdal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sverre Anker Ousdal (f. 18. juli 1944) er ein norsk skodespelar fødd i Flekkefjord. Han er ein markant filmskodespelar med ei rekke hovudroller i norsk og svensk film.
Hans debut var i 1965 på Den Nationale Scene. Han var ved Oslo Nye Teater 1967-1970, og ved Nationaltheatret frå 1970.
Ousdal hadde store rollar i TV-seriene Grenseland (1980), The Last Place on Earth (1985), Blodsbånd (1998, fikk Amanda-pris). Han fekk Amanda-pris i 1990 for hovudrolla i Fjernsynsteatrets Kreditorer.
Ousdal blei i 1997 utnemnt til riddar av 1.klasse av St. Olavs orden for sin innsats i norsk scenekunst.