Sverre Sørsdal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sverre Sørsdal (5. august 1900–21. mars 1996) var ein norsk boksar og lækjar fødd på Hamar. Han var olympisk sylv- og bronsemedaljevinnar i boksing i klassa lett tungvekt, og er ein av berre fire nordmenn som har vunne OL-medalje i boksing.
Sørsal representerte Noreg i boksing i tre olympiske leikar. I OL i 1920 fekk han sylvmedalje og i OL 1924 fekk han bronse, medan det vart fjerdeplass i klassa tungvekt i OL 1928. Han var òg to gonger noregsmeister i lett tungvekt, frå NM i 1920 og NM i 1924. Boksekarriera hans var attåtsyssel medan han studerte medisin ved Universitetet i Oslo og han boksa for Akademisk Boxe-Club. Seinare var han i fleire år overlækjar på Vardø Sjukehus. For innsatsen sin som lækjar vart han tildelt Kongens fortenestemedalje.
[endre] Bakgrunnstoff
- Rolf Bryhn og Knut Are Tvedt: Kunnskapsforlagets idrettsleksikon Oslo, 1990. ISBN 82-573-0408-5
- Røyving, Egil: Klar ... boks! : erindringer om norsk boksing gjennom et århundre. Oslo : Norges bokseforbund