Sylvain Sylvain
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sylvain Mizrahi (fødd 1949), meir kjend under kunstnarnamnet Sylvain Sylvain, er ein vidkjend rockegitarist.
Sylvain Mizrahi vart fødd i Kairo i Egypt, men han voks opp i New York, dit familien flytte på grunn av den egyptiske presidenten Gamel Abdel Nasser sin antisemittiske politikk.
Han spela gitar i protopunkgruppa New York Dolls fram til gruppa vart endeleg oppløyst i februar 1977. Sylvain og songaren David Johansen var dei siste attverande medlemmene i gruppa da ho vart oppløyst.
Sylvain er syskenbarnet åt motedesigneren Isaac Mizrahi.
[endre] Kjelder
![]() |
Denne artikkelen om ein musikar er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over musikarspirer. |