Tafjord-ulukka
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tafjord-ulukka er ei nemning på ein naturkatastrofe som fann stad natt til 7. april 1934.
Tafjord ligg i Norddal kommune på Sunnmøre. Området er særmerkt av høge fjell ved fjordarmar.
Ein sprekk utvida seg stadig i fjellet på nordsida av fjorden. Litt over klokka tre om natta 7. april 1934 rasa Langhammaren ut frå 730 meters høgd. 3 millionar kubikkmeter masse rasa ned i Storfjorden og laga flodbølgjer opp til 64 m i høgd. Tre gonger slo bårene mot strendene, og 23 personar i Tafjord og 17 i Fjørå døydde. Mest alle hus, vegar, bruer, båtar, kaier vart vaska vekk. Flodbølgjene slo meir enn 200 meter innover land somme stader og var merkbare 10 mil unna.
Ved kaia i Tafjord og ved Haugsteinen er det reist minnetavle.
Kunstnaren Marianne Heske har laga fleire kunstverk knytt til ulukka. Mellom anna installasjonen ras laga i 1993. Kunstverket er eit videomåleri på sandblåste aluminiumsplater og 1001 krystalldokkehovud.
[endre] Sjå òg:
- Rasulukka i Loen i 1936
- Rasulukka i Loen i 1905
- Norske katastrofar og store ulukker
[endre] Bakgrunnsstoff
Kategoriar: Naturkatastrofar | Ras | 1934 | Norddal