Tannkost
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein tannkost eller tannbørste er eit verkty ein brukar til å reinsa tennene med. Dette gjer ein for å hindra at matrestar skal føra til bakterievekst som skadar tennene eller tannkjøtet, og for å få frisk pust. Ein brukar som regel tannkrem på tannkosten, men på born berre i små mengder. Tannkosten har bust i eine enden. Den andre enden brukar ein som eit skaft.
[endre] Ulike typar tannkost
Det finnest mange utformingar av tannkostar, og dei kjem med mange ulike utformingar på bust og handtak. Dei fleste modellane vert leverte med ulik hardleiksgrad på busta.
Ulike typar av tannkostar:
- Den vanlegaste typen er ein pinne av plast som det står bust på den eine sida av, i enden ein har i munnen. I handtak-enden er det ikkje bust.
- Ein variant ein kan kjøpa i automatar på nokre offentlege toalett, er todelt, slik at han kan demonterast og er lettare å ta med seg.
- Dei siste åra har fleire fabrikantar byrja å laga tannkostar som gjev etter når ein pussar for hardt. Dette vert gjort ved hjelp av ein liten mekanisme inni skaftet.
- Ein tannkosttype som vart lansert på nittitalet, hadde buster som gjekk rundt heile tanna. Poenget med det var at ein skulle pussa tennene på alle sider samstundes.
- Elektriske tannkostar vert meir og meir populære.
- Tannkostar for born har ofte spesielle utformingar, både for å underhalda ungane og gjera det meir interessant å pussa tennene og for at dei skal vera meir tilpassa små munnar
[endre] Fabrikantar
Dei vanlegaste tannkostmerka i Noreg i dag er Jordan og Solidox.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |