Ten folket
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ten Folket | ||
Partileiar: | ? (talsperson: Henrik Ormåsen)]] | |
Oppretta: | 1998 | |
Ideologi: | Marxist-leninisme | |
Farge: | raud | |
Hovudkontor: | Postboks 679 5502 Haugesund |
|
Epost: | ? | |
Nettstad: | www.tjen-folket.no | |
Ungdomsorganisasjon: | [[]] | |
Partiavis: | [[]] | |
Internasjonal tilknyting: | ? | |
Europeisk tilknyting: | ? | |
Ordførarar: Stiller ikkje til val | ||
Kommunestyrerepresentantar: Stiller ikkje til val | ||
Fylkestingsrepresentantar: Stiller ikkje til val | ||
Stortingsrepresentantar: Stiller ikkje til val | ||
Medlemstal: ? | ||
Ten folket (TF) er ein marxist-leninistisk organisasjon. Gruppa vart tufta i 1998.
Innhaldsliste |
[endre] Organisasjon
Korleis organisasjonen er oppbygd, er ukjend. Landsmøte og interne dokument er ikkje offentlege. Årsmøtet vel ein offisiell talsperson, som er einaste offentleg kjende medlem av organisasjonen. Henrik Ormåsen har vore talsperson sidan starten. Henrik Ormåsen vart i 1997 ekskludert frå Akp og RU etter interne konfliktar, og var med på å stifta TF året etter.
[endre] Overgangen frå kapitalismen til kommunismen
I tråd med marxismen meiner TF at samfunnet i dag er eit borgarleg diktatur. Vidare meiner dei at borgarskapet (den rikaste/ mest privilegerte klassa) ikkje vil gi frå seg privilega deira frivillig, og freistnader om fredeleg overgang til sosialismen vil bli møtt med væpna motstand. Dei viser mellom anna til røynslene frå Chile kor sosialistpartiet, med Salvador Allende som partileiar, vant valet i 1970, men blei styrta i eit kontrarevolusjonært kupp leia av Augusto Pinochet.
Ten folket meiner derfor at ein overgang til sosialismen ikkje kan skje gjennom parlamentariske val, og at han truleg òg vil bli væpna.
[endre] Dagens samfunn, kapitalismen
Gruppa meiner vidare at dagens problem med fattigdom og ein økologisk katastrofe som nærmar seg ikkje kan bli løyst i eit markedsøkonomisk system. Dei meiner at mennesket sjølv må skaffe seg kontroll over produksjonen gjennom planøkonomi, slik at ein produserer ut i frå kva som tener menneska, ikkje kva som tener aksjonærane.
[endre] Vitskap
For å kunne endre på systemet meiner Ten folket at ein må nytte vitskapen for å få faktisk kunnskap om korleis kapitalismen fungerer. Til dette nyttar dei marxismen-leninismen Mao Zedongs tenkning (gjerne omtalt som maoismen).
[endre] Kommunismens første fase
Under revolusjonen meiner Ten folket at proletariatet (eller arbeidarklassa) først må styrte dagens diktatur og erstatte det med eit fleirtalsdiktatur skapt av dei undertrykkja klassane, for å hindre den gamle herskarklassa i å atterreise det gamle systemet (kapitalismen) gjennom ein kontrarevolusjon.
Marx kalla det nye systemet for «kommunismens første fase». I seinare tid er denne fasen meir kjent som «sosialismen». Dette er et overgangssamfunn med store restar frå det samfunnet det spring ut i frå (mellom anna vil klasseskiljet framleis eksistere)
Dei meiner at klassane etter kvart vil «visne hen» (i tråd med Friedrich Engels), og at ein vil gå inn det klasselause samfunnet.
[endre] Kommunismens andre fase
Målet for TF er det Karl Marx kalla fridommens rike, òg kjent som kommunismen, eller kommunismens andre fase. «Fridommens rike» blir sett på som ein motsetjing (sjå motseiing) frå «turftas/ naudsynets rike». Under kapitalismen og òg kommunismens første fase mener de at «turftas rike» vil vera det dominerande, men at den litt etter litt vil bli redusert, og gå over til større fridom for individa.
[endre] TF i forhold til andre parti på venstresida
TF har sine røtter i den nye marxist-leninistiske rørsla som voks fram på 60- og 70-talet , i Noreg først og fremst representert ved AKP. Ten Folket meiner at ei stor «høgrebølgje» kom inn over Noreg på 80-talet, og at Akp blei sterkt påverka av denne.
I denne perioden omformulerte Akp mykje av politikken sin, så han vart meir i tråd med den rådande omgrepsbruken i samfunnet elles, og gjekk vekk frå ein del gamle prinsipp som folk flest gjerne assosierar med dei gamle diktaturstatane i Aust-Europa. Teoriane om proletariatets diktatur, som Lenin omtalte som «eit nøkkelspørsmål» i motsetjinga mellom reformistane og dei revolusjonære var ein av desse teoriane. Ten folket har i langt mindre grad endra på det dei meiner er dei sentrale prinsippa innanfor marxismen. Av denne grunn blir dei òg gjerne omtalt som dogmatiske. Sjølv er dei usamde i dette, og meiner dei har gjort ein rekkje tilpassingar av den marxistiske teorien for vårt land og vår tid.
Politiske rørsler i Noreg: | ||||||
Arbeidernes Kommunistparti (AKP) | Direktedemokratane | Forbundet Internasjonalen | Internasjonale Sosialistar | Marxistisk Forum | Ml-gruppa Revolusjon | Ten folket | ||||||
|