Tenzin Gyatso
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tenzin Gyatso (fødd 6. juli 1935) er den fjortande og noverande Dalai Lama, og vert i media ofte berre referert til som Dalai Lama. Han var den femte av seksten born i ein bondefamilie frå Amdo-provinsen i Tibet, og fem år gamal vart han attkjend som reinkarnasjonen av den trettande Dalai Lama. 7. november 1950 vart han innsett som statsoverhovud i Tibet, femten år gammal, på eit tidspunkt då Tibet sto ovanfor okkupasjon frå Folkerepublikken Kina.
![]() |
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer. |