Teofilus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teofilus eller Theophilos er eit gresk mannsnamn sett saman av theos, 'gud', og philos, 'kjærleik'. Namnet tyder ein som elskar Gud.
Namnet finst mellom anna som latinsk Theophilus, fransk Théophile, spansk og portugisisk Teófilo og tysk Theophil. Theophile har vore brua som ei hokjønsform. Namnet er òg omsett til latin som Amadeus og til tysk som Gottlieb.
Innhaldsliste |
[endre] Teofilus som bibelsk namn
Både Evangeliet etter Lukas og Apostelgjerningane er dedikerte til Teofilus. Denne dedikasjonen er det vanleg å forstå symbolsk, Teofilus kan vere eit namn som omfattar alle dei som vil ta imot den bodskapen skriftet ber med seg.
[endre] Bruk av namnet i Noreg
Teofilus er ikkje noko vanleg namn i Noreg:
- I folketeljinga i 1801 var det seks som heitte T(h)eophilus i Noreg
- I folketeljinga i 1900 var det berre to som oppgav T(h)eophil(us) til førenamn, ei heitte Theophile.
[endre] Kjende namneberarar
- Teófilo Braga, portugisisk politikar og forfattar
- Teófilo Cubillas, peruviansk fotballspelar
- Théophile Delcassé, fransk politikar
- Théophile Gautier, fransk forfattar
- Theophilus Hansen, dansk arkitekt
- Théophile Steinlen, fransk kunstnar
- Théophile de Viau, fransk diktar
- Theophil Wurm, tysk teolog og biskop
[endre] Sjå òg:
- Søk etter norsk namnestatistikk for Teofilus eller Theophilus hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet