Teori
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein teori (gresk theorein - å sjå) er refleksjon over erfaringsdata sett i høve til einannan. Teori blir også brukt i tydinga spekulasjon.
Dei abstrakte prinsippa som gjeld innan ein vitskap eller eit fag blir gjerne omtala som faget sin teori. Nemninga blir også brukt i meir avgrensa tyding om samlingar av prinsipp og føresetnader som blir gjevne høgt truverde innan vitskapane, til dømes Einsteins relativitetsteori.
Teori blir også brukt om prinsipp som gjev grunnlag for handling: "Metoden hennar var bygd på ein teori om at alle born vil lære".
Uttrykket praksis blir ofte brukt som det motsette av teori.
[endre] Sjå òg
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |