Terje Vigen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Terje Vigen» er eit episk dikt som byggjer på soger frå Sørlandet under Napoleonskrigane og kornblokaden frå 1808 til 1811. Diktet skildrar den personlege tragedia til Terje Vigen og korleis han endeleg finn fred. Diktet vart skrive av Henrik Ibsen i 1861, og utgjeve i boka Digte frå 1871.
På denne tida var Danmark-Norge i krig med mellom anna Storbritannia. Britane hadde innførd handelsblokade, og slik avskore vanleg kontakt mellom Noreg og Danmark. Noreg var avhengig av import av korn frå utlandet, sidan det ikkje vart dyrka nok innanlands. Det vart hungersnaud i Noreg.
Diktet er illustrert av Christian Krohg.
[endre] Handlinga i diktet
Tittelpersonen ror over havet til Danmark for å få tak i mat til familien sin. På veg attende frå Danmark vert Terje Vigen plukka opp av eit engelsk krigsskip. Dei held han fanga i fleire år. Når han kjem heim, får han vita at kona og ungane er døde. Eit dramatisk høgdepunkt i diktet er når Terje, som los, får makt over den engelske kommandanten og familie hans. Terje får høve til å ta hemn, og gjengjelda vondt med vondt, men vel å ikkje gjera det.
- Barnet han greb og svinged det frit,
- med den venstre om ladyens liv.
- "Tilbage, mylord! Et eneste skridt, –
- og det koster dig barn og viv!"
- På sprang stod Britten til kamp påny;
- men armen var veg og mat; –
- hans ånde brændte, hans øjne var sky,
- og hans hår – så kendtes ved første gry –
- blev gråt i den eneste nat.
- Men Terjes pande bar klarhet og fred,
- hans bringe gik frit og stilt.
- Ærbødig løfted han barnet ned,
- og kyssed dets hender mildt.
- Han ånded, som løst fra et fængsels hvælv,
- hans stemme lød rolig og jevn:
- "Nu er Terje Vigen igen sig selv.
- Indtil nu gik mit blod som en stenet elv;
- for jeg måtte – jeg måtte ha'e hævn!
[endre] Lenkjer ut
- hive.no – attgjeving av teksten
- museumsnett.no: Harald Noreng: Henrik Ibsens Terje Vigen med bakgrunn i dikt og virkelighet – fulltekstversjon av hefte utgjeve av Ibsenhuset i Grimstad i 1994
Eg er berre ei spire med tankar få eg veks berre til om du fyller på |
![]() |
Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide denne spira.. |
Oversyn over litteraturspirer. |