Terrier
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Terrierar er ei gruppe hundar med ei rekkje morfologiske fellestrekk. Dei fleste rasane er populære familiehundar, men dei var opphaveleg avla fram som jakt- og kamphundar, og var særleg brukte i kampen mot skadedyr, som rotter. Ettersom fleire av dyra dei jakta på bur under jorda, er terrierar er flinke til å grava, og namnet deira kjem frå det latinske ordet terra som tyder jord.
Terrierar er særs energiske og livlige hundar og har til tider eit hissig temperament. Dei varierer mykje i storleik og er ofte dominante overfor andre hundar.
[endre] Terrierrasar
- Airedaleterrier
- Amerikansk Staffordshireterrier
- Australskterrier
- Bedlingtonterrier
- Borderterrier
- Bullterrier
- Cairnterrier
- Cheskyterrier
- Dandie Dinmontterrier
- Glatthåra foxterrier
- Glen of Imaalterrier
- Irsk Soft-Coated Wheatenterrier
- Irskterrier
- Kerry blueterrier
- Lakelandterrier
- Manchesterterrier
- Miniatyrbullterrier
- Norfolkterrier
- Norwichterrier
- Parson Russellterrier
- Ruhåra foxterrier
- Sealyhamterrier
- Skotskterrier
- Skyeterrier
- Staffordshire bullterrier
- Tysk jaktterrier
- Welshterrier
- West Highland Whiteterrier
- Yorkshireterrier
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |