The Jean Genie
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«The Jean Genie» er ein song av den britisk musikkartisten David Bowie på albumet Aladdin Sane frå 1973. Songen vart derimot gjeve ut på singel alt i november 1972, og er ein av Bowie sine mest vidkjende songar.
Det vart ei sak i Storbritannia ut av at songen brukte eit gitarriff som var svært like Sweet sin song «Block Buster», som vart spelt inn litt seinare enn Bowie sin song, men som låg på førsteplass på den britiske singellista, medan Bowie sin song låg på andreplass. Begge hevda derimot at likskapen berre var tilfeldig. Nicky Chinn frå Sweet skildra då han møtte Bowie, der Bowie skal ha sett på han gravalvorleg, kalla han «Cunt!», før han gjekk bort til han, gav han ein klem og gratulerte han. [1]
Mick Rock filma ein musikkvideo for songen, der Bowie, i lag med the Spiders, poserar føre Mars Hotel i San Francisco. Songen haldt seg på listene i Storbritannia i 13 veker, og nådde andreplass, og vart med det den største hitten han hadde hatt til då. I USA nådde singelen 71. plass (medan Sweet sin «Block Buster» hamna bak på ein 73. plass).
R&B-riffet i songen er ofte samanlikna med The Yardbirds[2][3], medan teksten er i same gate som The Velvet Underground.[2] Teksten var delvis inspirert av Bowie sin ven Iggy Pop eller, som Bowie sjølv sa, ein Iggy-liknande karakter. [1] Tekstlinja «He's so simple minded, he can't drive his module» gav seinare namn til bandet Simple Minds.[4]
Ein har lenge sett på tittelen som eit ordspel på den homoseksuelle forfattaren Jean Genet. Bowie har derimot sagt at dette kan hende, men at det i såfall berre var underbevisst.[1]
Innhaldsliste |
[endre] Innhald
- «The Jean Genie» (Bowie) – 4:02
- «Ziggy Stardust» (Bowie) – 3:13
Den amerikanske utgåva hadde «Hang on to Yourself» som b-side, medan den japanske utgåva hadde «John, I'm Only Dancing».
[endre] Medverkande
- David Bowie: vokal, gitar
- Mick Ronson: gitar
- Trevor Bolder: bass
- Mick Woodmansey: trommer
[endre] Konsertutgåver
- Ein konsertversjon frå Santa Monica Civic Auditorium 20. oktober 1972 vart gjeve ut på Santa Monica '72 og på bonusdisken til Aladdin Sane - 30th Anniversary Edition i 2003.
- Songen vart spelt på konserten i Hammersmith Odeon i London, 3. juli 1973, men kom ikkje med på albumet Ziggy Stardust - The Motion Picture. Akkurat denne utgåva av songen hadde med Jeff Beck på gitar.
- Ei utgåve frå Diamond Dogs-turnéen i 1974 vart gjeve ut på albumet David Live.
- På konserten i samband med Bowie sin 50-årsdag spelte Bowie songen i lag med Billy Corgan.
[endre] Merknadar
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: pp.110-111
- ↑ 2,0 2,1 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: p.52
- ↑ Dave Thompson, All Music Guide
- ↑ Simple Minds FAQ på heimesida deira
[endre] Kjelder
- Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5
- Tremlett, George, David Bowie: Living on the Brink, Carroll & Graf Publishers, 1996, ISBN 0-7867-0465-9