The Who
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Who er/var ei britisk rockegruppe som hadde si stordomstid på 1970-talet. Bandet talde på den tida fire medlemmar; gitaristen og låtskrivaren Pete Townshend, vokalisten Roger Daltrey, bassisten John Entwistle og trommeslagaren Keith Moon. Dei slo gjennom med singelen og albumet "My generation" i 1965, og har i seinare tid markert seg som eit forrykande liveband og ei viktig pionèrgruppe innanfor rocken.