Ticket To Ride
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ticket to Ride er eit brettspel som minnar litt om The Settlers, men har eit fast spelebrett der målet er å få kontroll over jarnbanane mellom byane.
[endre] Historie
Spelet er laga av Alan R. Moon og utgjeve av Days of Wonder i 2004. Spelet vann den prestisjetunge prisen Spiel des Jahres dette året. Den tyske varianten vert òg kalla Zug um Zug, og den franske Les Aventuriers du Rail.
Det finst òg ein Mystery Train Expansion til spelet, og ein Ticket to Ride Europe-variant med eit litt meir avansert spelebrett. I løpet 2006 kjem enno ein variant, Ticket to Ride Marklin.
[endre] Spelet
Som spelar har du 45 jarnbanebrikker og to eller fleire løynde mål, som går ut på å forbinda visse byar med dine eigne jarnbanebrikkar. Motspelarane kan gissa kvar du skal og prøva å sperra vegen med sine brikker, slik at du må finna alternative ruter.
I Ticket to Ride Europe kan ein i tillegg kjøpa ferjeruter og byggja tunnellar, m.m.
Eit spel kan ha frå to til fem deltakarar, og tek om lag ein time. Reglane er endå enklare enn i t.d. The Settlers. Nye spelarar (aldersgruppe frå 8 år til vaksen) lærer spelet på få minutt. Men det er mange moglege strategiar, og både dine eigne og motspelarane sine strategival kan ha stor innverknad på resultatet.
Spelarane trekk jarnbanekort etter tur, eller bruker kort dei har på handa til å kjøpa gitte jarnbaneruter på kartet (brettet). Når ein spelar har brukt opp alle sine brikker, tel ein opp poengsummane til alle spelarane. Ein får poeng for kvar strekning ein eig, for å ha den lengste samanhengande jarnbanen, og for å ha oppfylt dei måla som var løynde. Ein får minuspoeng for å sitja att med uoppfylte mål.