Tjøtta
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tjøtta (av norrønt Þjótta, «den tjukkaste delen av låret» jamfør utsjånad på øya) er ei øy i Alstahaug kommune i Nordland. Øya er 11,3 km², med knapt 300 innbyggjarar.
Tjøtta er òg eit sokn i Alstahaug prestegjeld. Til soknet høyrer øya Tjøtta og fleire andre øyar sør i Alstahaug.
[endre] Historie
Tjøtta var eit eige herad fram til 1963. Tjøtta herad omfatta då òg eit areal på fastlandet, dette vart på 1990-talet overførd til Vefsn kommune.
I jernalderen var Tjøtta eit maktsentrum i Hålogaland. Her budde skalden Øyvind Skaldespillar og sonen hans, Hårek på Tjøtta. Seinare var Tjøttagarden sentrum i eit stort gods som åtte mange gardar både på ytre og indre Helgeland.
[endre] Geografi
Tjøtta er ei flat øy med svært godt jordbruksland. Næringslivet er enno dominert av jordbruk og fiske. I bygningane til den gamle Tjøttagarden held Planteforsk Tjøtta til.
På Nordøya ligg Tjøtta internasjonale krigskyrkjegard med over 7500 enkeltgraver for russiske krigsfangar. Her er òg 2500 omkomne frå fangetransportskipet Riegel, som vart senka mot slutten av andre verdskrigen, gravlagde.
Tjøtta kyrkje er ei steinkyrkje som vart bygd i 1851, etter at den forrige trekyrkja brann ned.
[endre] Litteratur
- Helgeland historie, utg. av Helgeland Historielag