Torpedobåten «Rap»
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rap er anerkjent som den fyrste torpedobåten i verda. Namnet kjem frå den danske stavemåten av rapp og tyder kjapp. Båten var 18 meter lang, hadde ei toppfart på 14,5 knop og deplasement på 10 tonn. Totalt hadde Rap eit mannskap på 7 mann, første sjef var kapteinløytnant Koren. Rap blei levert frå Thorneycroft i England i 1873. På dette tidspunktet var ho eitt av dei raskaste fartya i verda.
Opprinneleg skulle Rap utstyrast med stangtorpedo, men etter utprøving med slepetorpedo vart ho utstyrt med det. I 1879 vart båten utstyrt med utskytingsrammer for motoriserte torpedoar.
Rap vart sett ut av drift i 1920. Då var ho særs utdatert og hadde null militær verdi. I dag er Rap utstilt ved Marinemuseet i Horten.
Båten har óg gjeve namn til ein eigen klasse på seks MTBar som vart bygd på 1950-talet.