Torvastad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torvastad er ein tidlegare norsk kommune i Rogaland fylke, oppretta som Torvastad formannskapsdistrikt i 1837.
1. februar 1855 vart Haugesund (1 066 innb) skild ut frå Torvastad. Torvastad hadde 3 242 innbyggjarar etter delinga.
1. november 1881 vart Skåre skild ut frå Torvastad. Innbyggjartalet i Torvastad vart då 1 918.
1. juli 1924 vart Utsira skilt ut som eigen kommune. Torvastad hadde då eit folketal på 2 187.
1. januar 1965 vart det meste av Torvastad (3 783 innb) slege saman med Avaldsnes, Kopervik, Skudenes, Skudeneshavn, Stangaland og Åkra til den nye Karmøy kommune.
Samstundes vart ein mindre del av Torvastad (Vibransøy krins, 70 innb) overført til Haugesund kommune.