Treblåseinstrument
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Treblåseinstrument ei gruppe musikkinstrument av blåseinstrument-familien. Instrumenta skil sig frå messingblåseinstrumenta ved at dei normalt er laga av tre (det finst treblåseinstrument laga av metall). Mellom instrumenta i denne gruppa kan ein nemne klarinett, saksofon, tverrfløyte, blokkfløyte, fagott, engelsk horn, obo og sekkepipe.
[endre] Konstruksjon
Det som seier at eit blåseinstrument er eit messinginstrument eller treblås er munnstykket: Treblåseinstrumenta har som regel eit munnstykke der vibrasjonen frå eitt eller to røyrblad i vibrasjon skaper lyden. Fløyter har derimot ikkje denne konstruksjonen, desse gir lyd ved å få lyden til å vibrere ved å blåse inni ein skarp kant.
- Fløyteinstrument
- Tverrfløyte
- Blokkfløyte
- Einkeltrøyr
- Dobbeltrøyr
- Obo
- Fagott
- Engelsk horn
- Sekkepipe
[endre] Bruksområde
Treblåseseksjonen er ein viktig del av symfoniorkesteret, men er òg vanleg i kammerorkester. I slike orkester er saksofonen uvanleg. Til liks med tverrfløyta eignar saksofonen seg som soloinstrument. Saksofonen er ofte å finne i storband og andre jazzorkester. Fagotten blir mest brukt i klassiske orkester og vart konstruert som eit bassinstrument i treblåsefamilien. Med wienerklassisismen sitt inntog fekk fagotten òg solististiske oppgåver.
[endre] Sjå òg
- Blåseinstrument
- Messingblåseinstrument