Tupac Huallpa
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tupac Huallpa (?–oktober, 1533) var den første marionettinka under conquistadorene då inkariket blei erobra i 1533. Han var den yngste broren til Atahualpa og Huascar. Etter at Atahualpa vart avretta og gravlagt, peika spanjolane ut Tupac Huallpa til marionettrolla, og sytte for at han fekk ein verdig kroningsseremoni etter tradisjonen i inkariket. Han fekk inkatittelen og vart tiltala som hans majestet. Kroninga vart gjort for å overtyde dei innfødde om at riket framleis skulle styrast av ein inka, men spanjolane utnytta marionetten til å ta kontroll over ein større del av landet.
I oktober 1533 døydde Tupac Huallpa av koppar i Jauja berre om lag tre månadar etter at Francisco Pizarro hadde krona han til sapa inka. Etterføljaren var eit medlem av ein lågare nobilitetsklasse, inka Manco Cápac II.