Unionen av høgrekrefter
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Unionen av høgrekrefter (russisk Союз правых сил (СПС), Sojuz pravykh sil (SPS)) er eit politisk parti i Russland. Partiet står for marknadsliberalisme og privatisering og reknar seg som del av den demokratiske opposisjonen mot president Vladimir Putin. Det er medlem av den internasjonale demokratiske unionen, og er soleis å rekna som eit søsterparti av Høgre i Noreg. Leiaren, sidan 2004, er Nikita Belykh.
SPS vart danna som ein valallianse av uavhengige parti og politiske rørsler før det russiske parlamentsvalet i 1999. Unionen fekk 8,3 % av røystene ved dette valet. 20. mai 2000 vart det stifta som politisk parti. Dei første medlemene av det øverste rådet i partiet var Jegor Gajdar, Sergej Kirijenko, Boris Nemtsov, Irina Khakamada og Anatolij Tsjubajs. Kirijenko og Gajdar hadde vore statsminister i Russland under Boris Jeltsin og Nemtsov og Tsjubajs hadde òg hatt høge regjeringsposisjonar under dei økonomiske reformane på 1990-talet. I desember 2001 vart Nemtsov vald til leiar av partiet, med Khakamada, Gajdar og Tsjubajs i andre leiande posisjonar.
Ved parlamentsvalet i 2003 fekk SPS 3,9 % av røystene, og havna dermed under sperregrensa på 5 % for representasjon i dumaen. Partiet fekk likevel inn tre representantar i enkeltmannskrinsar. Alle dei fire fremste politikarane i partiet, Nemtsov, Khakamada, Gajdar og Tsjubajs, gjekk av i januar 2004 som eit resultat av dette, og eit kollektivt leiarskap tok over. SPS stilte ingen kandidat til presidentvalet i 2004, som ein protest mot det dei hevda var uregelmessigheiter ved valet i 2003. Irina Khakamada melde seg då ut av partiet og stilte som uavhengig kandidat. Ho fekk 3,9 % av røystene.
I mai 2005 vart 29-åringen Nikita Belykh, leiaren for SPS i Perm oblast og viseguvernør i Perm oblast, vald til ny leiar for partiet.
På årsmøtet i 2004 erklærte SPS seg klare til å delta i ein større demokratisk allianse ved parlamentsvala i 2007. Det har spesielt vore på tale å samarbeida med det liberale partiet Jabloko. Ved valet til byparlamentet i Moskva stilte SPS felles liste med Jabloko. Dette samarbeidet fekk 11,1 % av røystene.