Us and Them
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Us and Them» er ein song av det britiske bandet Pink Floyd på albumet deira The Dark Side of the Moon frå 1973. Songen er skrive av Richard Wright og Roger Waters, og er sungen av David Gilmour (med harmonivokal av Wright).
Innhaldsliste |
[endre] Komposisjon
«Us and Them» er ein forholdsvis roleg song. Han har to saksofonsoloar i seg, ein i byrjinga og ein i den andre halvdelen av songen. I midten av songen er det eit mellomparti der Pink Floyd sin scenearbeidar «Roger the Hat» snakkar.
Songen skildrar at folk har ein tendens til å halde seg unna dei som er annleis i tilfelle som krig, politikk og sosiale klassar. I tillegg skildrar han kampen mellom ynskja til borgarane og regjeringa deira, kampen mellom «oss og dei». Mange tilhengjarar av Pink Floyd meiner at songen er påverka at Waters sin far døydde i Andre verdskrig. Songen har ein sakte jazzstil, som ein ofte hadde på 1940-talet, og songen er eit slags tidssprang tilbake til kulturen i Storbritannia på 1940-talet, og starten på pasifismen.
Songen vart opphavleg laga av Wright i 1970 som eit pianostykke for filmen Zabriske Point, men då med namnet «The Violent Sequence»
[endre] Stemmer
- «I mean, they're not gunna kill ya, so if you give 'em a quick short, sharp, shock, they don't do it again. Dig it? I mean he get off lightly, 'cos I would've given him a thrashing - I only hit him once! It was only a difference of right and wrong, innit. I mean good manners don't cost nothing do they, eh?» - Roger the Hat
[endre] Andre versjonar
- Konsertversjonar av songen vart gjeve ut på både P*U*L*S*E og Delicate Sound of Thunder. Begge desse versjonane er litt kortare enn studioversjonen, og har litt forskjellige saksofonsolar.
- Songen vart òg gjeve ut på samleplata Echoes: The Best of Pink Floyd.