UTM-koordinatar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
UTM står for Universal Transverse Mercator, og er ein projeksjon av overflata til jorda mot ein sylinder, der ekvator tangerer sylinderen. Ein UTM-koordinat er ei todimensjonal stadbeskriving på jordkloden, på same måte som lengde- og breiddegrader. Ein fordel med UTM er at det brukar SI-systemet, og derfor er alle einingar i meter, og ikkje grader, minutt og sekund.
[endre] På verdsveven
- UTM-sonene (engelsk)
- Faktaark om UTM frå U.S. Geological Survey (engelsk)
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |