Vålerenga kyrkje
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vålerenga kyrkje er bygd i grå granitt med klebersteinsdetaljar, arkitektar er Heinrich Jürgensen og Holger Sinding-Larsen. Ho ligg på Vålerenga i Oslo og blei vigsla i 1902. Ho har eit asymmetrisk plassert tårn, og var den første i Oslo med eit slikt tårn. Kyrkja brann i 1979, berre ytterveggene i stein sto attende. Mellom anna gjekk fresko- og glasmåleri av Emanuel Vigeland tapt. Kyrkja blei vigsla på nytt etter omfattande gjenoppbygging i 1984. Nytt glasmåleri av Håkon Bleken og ei frise av Emanuel Vigeland.
Brannen er tema for songen «Vålerenga kjerke» av Trond Ingebretsen, spela inn med Bjølsen Valsemølle. Songen blir sungen før avspark av tilhengjarane på Vålerenga Fotballs heimekampar.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Engh, Pål Henry og Gunnarsjaa, Arne. Oslo. En arkitekturguide. Oslo 1984. ISBN 82-00-05961-8
- Oslo byleksikon. Oslo 2000. ISBN 82-573-0815-3